Det er ikkje berre dei store skadane på sauer, men også på andre dyr som elg, rein, hjort, rådyr og alle mindre dyr som høver som matbytte. Tal som ikkje kjem med i noko statistikk eller som blir skrive om i andre medier. Når det gjeld sauen må ein merka seg at dette dyret er eit viktig dyr i landet, som beiter i utmarka tre-fire månader i året og lagar kjøt og ull av fôropptaket.

Avlsarbeidet på sau har utvikla gode saueraser, til og med norske saueraser har kome opp til interesse for andre land som aktuelle, fordi dei har stor evne til beiteaktivitet og er i kvalitet på høgde med raser ute i verda. Foredlinga som går føre seg her til lands er bygd opp med avkomstgransking.

Sauekontrollen registrerar søyene sin avdråttsevne, og slaktekvalitet på lamma gjennom klassefisering på slaktehusa. Søyer som syner gode resultat blir inseminert med sæd frå avkomstgranska verar, og gjev grunnlag for kåring av nye vêrlam for avkomstgransking. Det seier seg sjølv at eit ulveangrep som skader og drep dyr med ein slik opparbeid bakgrunn er øydeleggjande for avlen.

Da høyrer me ikkje om flokken av folk som ropar «la sauen leve!». Heng dette saman med vankunne? Ja, det er grunn til å spørja. Eg skal ikkje ramse oppatt alle dei tragiske ulveangrepa på sau, det er nok å nemna Rendalen, og dei store tapa der siste året. Dette var eit område med gjeting, men likevel vart tapa store.

Gjetarane gjekk med otte for tragiske tilfeller av øydelagde og drepne dyr kvar dag. Det går ikkje å samla dyra i nattkve i eit så stort område med over 2.000 dyr. Det vil ingen kunne makte på ei lita kveldstund. Når ein ser kor mange dagar som går med til sanking. Makteslaust i praksis. Difor må me no ta skadane på alvor, laga innhegn for ulvefamiliar. Åtte slike innhegn for ulv, eit i kvar rovdyrregion. Her vil ein halda 100 prosent kontroll på kvart dyr i innhegnet, sikra avl, og taka bort dyr som ikkje høver i opplegget. Tilføre mat og dagleg tilsyn.

Folk som ynskjer å sjå desse dyra på nære hald er og sikra at dei får sjå dei. I utmarka er det sjeldan å oppnå dette. Kva vil Dyrevernalliansen seia om dette, og naturentusiastar? Eg inviterar dykk til tenking til realitet i denne saka. Det er viktig å få slutt på blodbadet. Så kan lisensjegerar reinska opp i utmarkane til fordel for beitefreden og det dyremangfaldet som er sterkt stressa av rovdyrtrykket. Mangfaldet skal sikrast.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.