Så kom sjokket! Ulvejakta som mange hadde sett fram til, vart forhindra som ulovleg. Dette med bakgrunn i ein «bestemmelse» som forbyr ulvejakt i ulvesona. Denne «bestemmelsen» har mange oversett, til og med klima- og miljøministeren, som skal vera vaktaren for at slikt ikkje skal skje.

Denne «bestemmelsen» må ha vore der før, og godt orientert til og med før ulveforliket om jakta vart vedteken, men då var det visst ingen som viste noko om dette og kunne gjeve dei rette opplysningane. Men no veit alle om det, og Stortinget har fått ein «blåveis» for at ulvefellinga skal vera ulovleg i ulvesona. Det er reint sludder og tøys at det er «fritt» for ulvedrepne dyr i revira som skulle takast ut. Det meste av sau er borte, dei få som er att er stasjonert i fellingstiltak mellom anna i Spekedalen eller andre fellestiltak.

Så bruker ein påstand for at skadeomfanget er for lite til at jakt kan brukast for å redusere rovdyrtrykket. Rendalsbygdene har lenge vore utsett for ulveskader som nabo til ulvesona. Dermed ser me heilheita i argumentet. Her er det grunn til å granska heile ulvepolitikken og forvaltningsstrategien. Mange held det for at ulvesona er oppdrettsone for meir ulv som naturleg vandrar ut av revir og sone. Dette burde vel alle velorienterte menneskjer vita?

No må tida vera inne til å tenkja nytt i rovdyrpolitikken. Det har vore mange idear framme men alle er manipulert bort, bestandsmålet har vore argument og mål. Protestane har også fylgd med. Konvensjonane; Bernkonvensjonen og Riokonvensjonen har båe teke fram vern av rovdyr i innhegn for at dyra skulle vera under kontroll. Det er viktig både for rovdyra og for alle offerdyra. Menneska kan og ta dette med å vera trygg for barn og husdyr. Positivt tenkt, men manglar handling.

Dei store tapa av husdyr gjennom mange år er ei viktig vurderingssak, men den har løysingar. Stortinget må tilbake til å vera sjølvstendige i sine vurderingar og vedtak, slik denne saka står i dag er dei ikkje det.

Mye kan gjerast på kort tid dersom det finnes vilje til å endra politikken. Det er ikkje bare sauen som er offerdyr. Reinsdyr, hjort og rådyr er sjanselause i rovdyrområder. Jamvel elgen, det store dyret er truga. Ulv og bjørn legg ned fullvaksne dyr. Og kalvane er serleg utsett. Korleis blir dette takla i mangfaldsloven? Ingen gong er mangfaldet truga slik som når rovdyr vandrar fritt omkring. Ordføraren i Tynset, Merete Myhre Moen seier klart ifrå, og ser med stor frustrasjon på det som foregår i rovdyrpolitikken. På tide at fleire innan det politiske liv seier ifrå.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.