Dette er allment krav for at praktiseringa skal få den respekt for ord og handling som trengst for å gjennomføra tryggleik for alle dyr i faunaen. Dei store sauetapa dei siste åra er og blir største utfordringa. Då kan ikkje folk i offentleg teneste ymta frampå at tapa var rimelege. Kven kan godtaka ei slik uttale?

No, etter at sauetalet i mange av bygdene er redusert, og mange sauebruk har slutta med sau på grunn av dei store tapa og dryge avkortingar av krav om erstatning, enda om tapa er vegne opp mot registreringar i husdyrkontrollen (sau) og ved funn av kadaver. Dette tyder på at offentleg administrasjon bryt vedtak om erstatning for tap og skade.

Med det store talet av rovdyr me no har, bør uttak under jakt vera eit tiltak med store lisenskvotar og premier til dei som feller rovdyr. Dette rydda opp i rovdyrfaunaen i 1850–1880 åra slik at beitedyra fekk fred og kunne nytta utmarka på ein effektiv måte. Den gongen var det ikkje lisenskvoter. Jakta var open, og alle som kunne bruke gevær tok seg ein jakttur inniblant. Det vart mange som jakta i starten av tiltaket og serleg ulv og bjørn fekk stor avgang. Heilårsjakt var i prinsippet det som var naturleg, og med skottpremi vart jakta økonomisk. Dyreeigarane som opplevde endringane, så at utmarka vart eit tryggare område og ferdast i.

Dagens utmark er ikkje det, med rovdyra fylgjer otte og dramatikk. Alle dyr er offerdyr til ulv og bjørn. Jerv og gaupe er heller ikkje uskuldige. Med lisesjakt bør det vera opna skottpremi for felt rovdyr, og gjennomføringa av jakta må inn i organiserte former med godkjente jegerar. Tapa til rovdyr er i år høge, og serleg her i Nord-Østerdalen. Eit tapstal på 400 sauer er nemnt, og det søkt erstatning for desse, men søknaden er avslått.

I Oppland vart den innvilga, kvifor forskjellshandsaming? Alt tyder på at administrerande myndigheit har lyst til å terge sauebonden. Slik åtferd aukar harmen mot myndigheit til det maksimale. Beitedyr og rovdyr kan ikkje nytta same areal, derfor kan myndigheiter som skal ordna med erstatningar syta for ei deling der rovdyra blir tekne i innhegn. Alle rovdyr, ulv og bjørn må i innhegn. Langedrag er eit flott døme, som kan løysa problemet. Dei dyra som finnes i skog og mark må jaktast ut. Innvandring frå Sverige og Finland er fredlause i Norge. Me må sjå fram til løysningar det går an å leva med. Landbruksorganisasjonane må ta fatt i oppgåva.

Kommentarfeltet er stengt mellom 22:00 og 08:00