I tillegg kjem angrepa på storfe. Alt har samanheng med rovdyra sin trong til mat, og denne er kjøt.

Den får dei tak i ved å drepa medskapningar. Tilsyn og gjeting dug ikkje, dette ser me etter dei bortimot 40 åra rovdyra no har hatt freding, med hjelp frå rovdyrvernarar og politisk leiarskap.

I 1848 hadde folket her i landet kome til ei lære; lause rovdyr er ei landeplage, lat oss stoppa dette helvete!

Dermed tok nokre kommunar til med skottpremie. Dette løyste ut stor interesse i Noreg og Sverige. Sverige innførte skottpremi i 1820-åra, og Noreg i 1848.

Dette vart ei stor lette, rovdyrtalet vart mindre og beitefreden opna for ro og god utnytting i utmarka. Kvifor kan me ikkje sjå dette og handla deretter?

Dei siste åra har synt store tap og høge kostnader med jakt og kadaverleiting. Politikarar i ansvarlege stillingar møter opp og gremmes over tilstanden og lovar å gjera kva som gjerast kan for å få retta på tildragelsene! Men kva skjer?

Dei store tapa berre aukar, Rendalen 2016 (230), Hurdal, Hadeland 2017 (308) Nord-Østerdal 2018 (?). I Meråker, Nord-Trøndelag har ein sauhaldar mist 1025 sauer og lam dei siste fem åra.

I tillegg til dette kjem det som blir øydelagt i dei andre distrikta. Slår ein alt i hop blir det store tal og kostnader. Dette øydelegg all tillit til styringsverk om pengebruk - Stortingsvedtak og gjennomføring. Derfor spørsmålet: er kunnskapsløyse eller viljeløyse relevant.

Dette har me no meir og meir erfart, og det er mange som meiner at politikken inneheld ein skjult agenda, som ingen vil fortelja om. Bak denne politikken jobbar WWF - heile verda er inne i denne prosessen.

Det er mange land som avviklar dyrehald og landbruk. Folketalet i verda aukar og treng auke i matproduksjon. Det er vel ingen som evnar å stanse WWF-politikken, men me kan endra den serleg i dei nasjonale sjølvstendige statane.

Da må truslar og negative utrop stå utan svar eller handlingar etter deira politikk. FN har no idet siste vist at dei set spørsmålsteikn ved mange av dei måtane WWF arbeidar på.

Lisensjakt må gjennomførast frå første oktober til ut mars, og det må ikkje vera kjønnskvotering. Talet på dyr må markera størst uttak langs grensa mot Sverige for å dempa innvandringa derifrå.

Ulven kjem da i ein ekstra nedtur og dette vil synast allereie neste beitsommar. Ulv som skal vera freda må vera i innhegningar. Det vil gi tryggleik, og dyra vil vera under kontroll med mat og maker.

Dei dyra som alt no er i innhegn er grunnstammen for ulvestammen, og med tilføring av nye dyr vil også det skje under trygge tilhøve. Registrering av ulv i innhegning må teljast og ordning med tilføring av mat ordnas frå pelsdyrfôrlaga. Kanskje er det nok ulv i innhegn her i landet så ein slepp å bygga nye hegn?

Men sjølv om det skulle trengast er dette rimeleg i samanlikning med situasjonen me opplever i dag.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.