Kunnskapsmangel eller viljemangel. Ja dette spørsmålet melder seg etter dei store ulveangrepa; 2016 i Rendalen, 2017 på Hadeland, og no 2018 i Nord-Østerdalen. Store tap av søyer og lam, lange dagar med leiting, og utfordrande opplevingar over tap, ofte av dyr med verdifulle genar som me har set har gjeve verdifull framgang i avlen. Det er slett ikkje sjuke og svake dyr som blir tekne av ulven, slik som rovdyrvernarar prøver å hevda overfor folket.

I mange tusen år har ulven vore det grådigaste dyret som drep for fote, og skader mange dyr som får ei tid med smerter og ein grufull død. Kvar er Mattilsynet og Dyrevernalliansen? Er ikkje dyrevelferd med i deira arbeid? Alle som har vore med i sanking og søkt etter sakna dyr. Dei store tapa skapar rovdyrhat, og da fylgjer rovdyrforsvararar med i same draget. Utrivnaden med å finna dyr skamfert og døde etter rovdyrangrep.

Reint ille er dette etter masseangrep. Dette burde dei som likar rovdyr, og meiner dei høyrer heime i norsk natur, ta seg tid til å vera med på. Da vil dei verta merksam på at det ikkje er bare sjuke og svake dyr som ulven tek. Dei lærde kallar ulven predator, det er det som oppreinskar på norsk. Det var folkeopinion i Noreg og Sverige mot rovdyra på første helvta av 1800-talet. Dette førte til at svenske myndigheiter innførte skottpremie for felte rovdyr. I Norge kom denne ordninga i 1848, og i 1849 vart det felt etter sigande over hundre ulv.

Slik tok dei stygge ulveangrepa av etter kvart og 10 – 12 år etter innføringa av skottpremiordninga vart det færre dyr felt. Folk som opplevde denne ordninga fortalde det var ei stor lettelse, og utmarka vart trivelegare når beitedyra fekk gå i fred. Storviltet, elg og rein tok til å auke i antal, og dette vart verdifullt i hushaldet. Det er dei frittlaupande rovdyra som gjer skade, hunden gjer også skade når han slepp laus utan førar og dei råkar borti dyr dei kan jaga og drepa. Hundeeigar må stå til rette for dette med full erstatning til husdyreigar, og hunden kan bli avliva med politihjelp. Ansvarlege i rovdyr slepp unna denne delen av rovdyrfredinga.

Kostnader med rovdyr. Fleire gonger har folk prøvd å få greie på kva det kostar å ha frittlaupande rovdyr i skog og mark. Å få eit svar på dette har hittil ikkje lykkast, men det seier seg sjølv at kostnadane er ekstremt store. Erstatningane til dei som har fått slike rovdyrskadar er småe i høve til skadeomfanget. Einskilde av dei som har ansvar for utbetalingane meiner at dei er gode, ein må og merka seg at det førekjem avkortingar og ikkje godkjente erstatningsutbetalingar utan grunn som blir forstått.

Dette har ført til rettssaker i blant. Kunnskap og respekt for dei som har kome ut for skade og tap. Etter meir enn 40 år med ulv som skadedyr skulle ein tru at no må vel offentlege ansvarlege finna til betre løysingar, og når forstår politikarar skadeomfang og kostnader. Folk kjenner seg overkøyrd av handteringa og er bitre etter slike hendingar. Det er inga hjelp i at statsminister og statsrådar fortel at dei har stor forståing overfor dei som har både skadar og tap, og at dei skal ta det med seg i det vidare arbeidet. Dei tapande må berre vente.

Eit forslag. I eit innhegn eller rovdyrhage, slik som på Langedrag, kan ein få sjå desse dyra kosa seg og nyta tilværet i fangenskapet utan stressing etter mat og livsforma er heilt topp. Folk kan sjå desse dyra på nært hald og vera trygge for angrep. Politisk kan ein styra antal hegn og antal dyr. Fôring og helsestell, registreringar på individ og merknader bokføres som en viktig del i avls samanheng. Innvandring frå Finland, Russland og andre land der den arktiske ulven er kan førast inn utan å bli forstyrra.

Det meste blir under kontroll, kostnadane ikkje minst. I dagens system er alt utan kontroll, og det er ikkje eit kultursamfunn verdig.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.