Det vart vedteke at 42 ulvar skulle takast ut i jakta på vinteren januar – mars. 16 ulv i to ulvesoner, og resten på dei frie områda. Sei 16 vart tekne ut av SNO, og da synte det seg at det var att to dyr. Det vart straks søkt om fellingsløyve, og da dei jakta på dei vart det til tre dyr.

Sluttresultatet av jakta vart 28 av 42 lisensulvar, slik manglar det 14 dyr på fylt kvote. No er det oppdaga to dyr i området Nord-Østerdal med fellingsløyve på. Dette er etter at jakta er avslutta etter reglane for jakttid på ulv. Ein må rekna med at det er fleire som kan kome fram no når sauane er slept ut. Ulv som blir oppdaga må straks meldast til ansvarlege myndigheiter.

Sverige skulle også redusera ulvestammen sin, og meinte å fella 150 dyr av ca. 300 registrert i Sverige. Men EU-kommisjonen stoppa det heile og truga med rettssak og dom i EU-domstolen. Sverige reduserte til 30 dyr. Slik blir ulvevandringa frå Sverige minst like stor som åra før, med sama tragiske utfall. WWF – verdens villmarksfond, ein omfattande organisasjon, har som mål å få inn att rovdyr overalt der det har vore rovdyr før.

Dette skjer til tross for dei dårlege røynsler folk har med desse dyra. Omsynet til skader og tap blir ikkje teke på alvor, blir for eksempel ulv avliva i naudverje blir det etterforska med rettssak og harde dommar. Det ser diverre ut til at WWF har fått slik makt at dei kan driva eit overformynderi over sjølvstendige statar.

Her i landet var det opprensking av dei store rovdyra frå 1840-åra, og nytta skottpremie for kvart dyr som vart felt. Frå 1870-åra og alle år etter vart rovdyra så fåtallige at det opplevdes som eit stort gode. På slutten av 1800 vert det opplevd som tomt for rovdyr. I dag er rovdyrtalet på omlag som på 1700-talet med dei store problema som da var.

Rovdyrtalet før lisensjakta starta var ca 112 dyr av ulv, og av disse skulle 42 ulvar takast ut. Da blir det 70 dyr til ny formering. I tillegg til disse kjem dei 14 ulvane som ikkje vart felt, dermed er ulveflokken på 84 dyr, før kvelpinga er komen i gang. I tillegg kjem frå Sverige et ukjent antall. Slik resultatet er blir det ca 160-180 ulv denne sumaren, med konsekvensar deretter.

Neste lisenskvote må taka høgde for dette. Ein må ha i tankar at dei store kostnadane som dei ulovlig utsette ulvane har påført folket med stor dyretap, og store arbeidsbyrder med ekstra tilsyn og arbeidet med innsanking av oppskremte dyr. Dette fører tankane over på dei utsette rovdyra og dei som forsvarar dei. Hundeeigarar som har hundar som gjer skade på husdyr blir ilagt erstatning, og med politiets myndigheit kan hundane bli avliva.

Dette har den norske lova om hald av hund levd med i mange år. Ulveskadane er det annleis med. Her er det staten som skal dekke skadane, medan ulveelskarane går fri alle kostnader. Er det rart om det er strid?

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.