Ein reknar med at dei første levande celler oppstod på jorda for litt over tre milliardar år sidan. Atmosfæren var fattig på oksygen, men rik på karbondioksid. Om lag ein halv milliard år etter fekk vi bakteriar og alger som dreiv med fotosyntese.

Desse brukte om lag ein milliard år vidare på å bruka energien i sollys til å omdanna karbondioksid til organiske molekylar og oksygen. Ein milliard år er ufatteleg lang tid, men på desse åra laga dei så mykje organisk materiale og oksygen at aerobe (oksygenkrevjande) bakteriar kunne greia å leva i den nye atmosfæren. Aerobe bakteriar gjer som dyr og menneske, nemleg det motsette av dei som driv med fotosyntese; dei brukar oksygen til å forbrenna dei organiske molekylane som vart danna ved fotosyntesen. Resultatet av forbrenninga er energi og karbondioksid.

Dei som dreiv med fotosyntese, tømde etter kvart atmosfæren nesten heilt for karbondioksid, og dei organiske molekylane hopa seg opp som daudt materiale, som etter kvart hamna under hav, jord og fjell. Der har menneska funne dei i dag, omforma til kol, olje og gass. Desse fossile restane av milliardar av år med fotosyntese, representerer ei uhorveleg mengde energi, men fungerer også som eit slags «bankinnskot» for at innhaldet av karbondioksid i atmosfæren skal halda seg rundt 0,3 promille, og oksygen på heile 20 prosent. Brenner vi opp desse fossile lagra, vil atmosfæren igjen bli rik på karbondioksid og fattig på oksygen, og ikkje leveleg for aerobe organismar som dyr og menneske.

Så lenge menneska har levd på jorda, har vi skaffa oss energi til mat og oppvarming frå plantene. Dei driv jo framleis med fotosyntese. Og brenner vi opp planter i magen og i omnen like fort som plantene lagar mat, ved og oksygen, forandrar vi ingenting med atmosfæren. Da har vi eit perfekt kretsløp. Vi kan og ta ut energien frå sollyset på meir direkte måtar, som ved bruk av solceller, vind og bårer. Sjølv med slike moderne metodar, brukar vi og plantene i dag berre ein mikroskopisk del av energien som strøymer inn med sollyset, så her har vi svært mykje å gå på.

Ved å brenna skog like fort som skogen veks til, sikrar vi oss at karbondiosid-konsentrasjonen i lufta ikkje aukar. Om vi brenner ved eller bioparafin spelar mindre rolle. Det er diverre slik som Engeland fryktar, at noko energi går tapt når den faste veden blir omdanna til parafin, men det skadar ikkje balansen, vi får berre litt mindre energi å rutta med. Det vi mistar ved denne omforminga, blir til varmeenergi, slik som det likevel går med det meste av skogen i dag, den rotnar og blir til varmeenergi og karbondioksid. Denne prosessen likar vi betre skjer i omnen, da blir det til nyttig varme. Varmen i huset blir jo likevel snart til varme i naturen, den har berre fått ein liten tur innom huset vårt.

Eg reknar med at Engeland er samd med meg i at flytande brensel er svært praktisk i bruk samanlikna med ved, og at vi derfor er villige til å betala litt meir for parafin enn for ved. Og så vonar eg som han, at den komande bioparafinen blir laga av skogsavfall, og ikkje av plantemateriale som heller skulle vore brukt til mat og bygningsmaterialar.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.