I debatten om språk og grenser dukka spørsmålet opp om bokmål og nynorsk er eitt språk eller to språk. Svaret kan vere litt forskjellig, alt etter kven ein spør, og kva slags kriterium ein går ut ifrå.

Offisielt er dansk, svensk og norsk tre ulike språk. Nokon vil kunne seie at dei er ulike språk fordi språkforskjellane er «påtvunget befolkningen» på grunn av den politiske situasjonen. Danmark, Sverige og Noreg er ulike land og dermed ulike politiske einingar som gjer meir eller mindre uavhengige vedtak. Offisielt var dansk eit «påtvinga» skriftspråk i Noreg i fleire hundre år fordi ein var i union med Danmark. I 1885 blei dansk som «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» vedteke som eitt av dei to skriftspråka i Noreg ved sida av landsmålet. Like før var det faktisk også eit forsøk på å finne ut om Danmark, Sverige og Noreg kunne bli einige om eitt felles skriftspråk for dei tre landa.

Vi har framleis tre språk, dansk, svensk og norsk. Den norske versjonen av det danske skriftspråket har blitt vidareutvikla til bokmål i samspel og motspel med landsmålet, som i samspel og motspel med bokmålet har blitt til det nynorske skriftspråket vi har i dag. Den offisielle haldninga i den offentlege politikken er at Noreg har eitt norsk språk, og det er norsk. Norsk omfattar alle dei norske dialektene og dei to skriftvariantane (målformene) bokmål og nynorsk

Frå eitt perspektiv er bokmål og nynorsk to ulike skriftspråk. Frå eit anna perspektiv er dei to skriftlege variantar av det same språket, norsk. Sjølvsagt har begge variantane mange likskapstrekk, men det kan også vere nokre forskjellar.

Når det gjeld engelsk, vil mange ikkje nødvendigvis tenkje på at dette språket finst i mange variantar ute i verda. Engelskmenn og amerikanarar kan ofte bruke ulike ord om dei same tinga (lift/elevator) eller ha ulike skrivemåtar (colour/color), og dei vil ofte kunne finne dette interessant eller morosamt, men dei kranglar som regel ikkje på grunn av slikt. Ein variant av høgtysk blir brukt som skriftspråk i Austerrike, og dei kallar språket sitt gjerne for austerrisk utan at det blir krig av det.

Nokon kan ha større problem med å forstå enkelte norske dialekter enn svensk eller dansk, utan at vi derfor meiner at desse dialektene ikkje høyrer til det same norske språket. Ut frå reint språklege kriterium er det relativt uproblematisk å seie at dansk, svensk og norsk er variantar av det same fastlandsskandinaviske språket. Det er av historiske og politiske årsaker vi har tre «ulike» offisielle språk. I Noreg kranglar ein ikkje med danskar eller svenskar om korleis dei skriv. Det er heilt greitt. Men bokmålet sin tvillingbror nynorsk har det dessverre ikkje så lett i Det norske hus.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.