I eit berglendt land som Norge, der byane vart grunnlagt i ei tid med sjøverts trafikk, vart dei liggjande ved hamner. Hamner låg gjerne ved store elveutløp eller inne i ein fjord. Der vart folk, fe og varer omlasta frå båt til hesteskyss, eller omvendt. Dette skjedde i ei tid der tankar om ureining og manglande plass ikkje var tenkt. Dalsida var ofte ikkje langt unna, men å leggja husa der var ikkje lett utan dynamitt og gravemaskiner. Byane fekk derfor breia seg ganske fritt inn over elvebreidden/dalbotnen.

Vi bur i eit land med 97 prosent udyrka mark, og vi er snart så mange, har så effektive maskiner og tydelegvis rikeleg med dynamitt, at vi kan omskapa naturen til mest kva vi vil. Og vi kan fritt velja om vi vil ha matjorda til mat, og leggja utvidinga av byane våre til skrånande terreng og jord med låg bonitet.

Hamar, Stange, Løten, Ringsaker og Toten ligg delvis i ein del av Oslofeltet som gir høgverdig matjord. Aust for Ånestadkrysset kjem vi over i grunnfjellsområdet, og vi merkar det lett på vegetasjonen, kor store gardane blir på kor tett dei ligg. Ådalsbruk ligg like sør for grensa til grunnfjellet, og Stangebyen ligg like nord for den. Dei bratte liene sør og vest for Vangsåsen er kanten på eit hardt sandsteinsområde som vart skuva sørover for millionar av år sidan. Sandsteinen er næringsfattig og gir skrinn jord. Viss Hamar skal utvida seg, finns det altså mange aktuelle område rundt det feite Oslofeltet innafor ein avstand på 1-1,5 mil.

Men ser vi på mjøsområdet som ein stor mjøsby, er det kanskje ikkje så urimeleg å sjå for seg at framtidig utbygging heller kan skje i ein eller fleire av dei andre byane. I skråningane rundt Gjøvik og Lillehammer er det mykje bjørkekledde lier å ta av, og kanskje bør vi også unna Moelv å få byggja ut fururabbane sine slik at dei kan bli ein god vert for det nye sjukehuset? Elverum er også omgitt av skrinne furumoar.

Les også: Jordvern og matjordfakta.

Les også: Må utvikle hele kommunen.

Les også: Dette er viktig for Ap-toppene.

Les også: Så enkelt og så vanskelig.

Les også: Klukhagan er ...

Og kvifor skal Hamar på død og liv veksa ut over dagens grenser? Eg må innrømma at eg aldri har forstått kvifor ei vekst i folketalet gir oss betre råd. Betyr det at når den ekstra skatteinntekta frå nykomaren er motteken, og alle ekstra kostnader med gater, skolar, sjukeheim og gravplass er trekte frå, så sit kommunen igjen med eit lite overskott? Eit overskott som ein kan nytta til dømes til kulturhus? Men treng vi meir? Eg har inntrykk av at den folkesetnaden som er her i dag, greier å dra i land ganske store fellesprosjekt (Koigen, Strandgata og Kulturhus).

Men vi må sjølvsagt prøva å hindra at vi får ei skeiv aldersfordeling. Dei unge, velutdanna og kreative familiane som vi ønskjer å dra tilbake frå Torshov og Sagene, vil bu med grønt rundt seg, og dei vil kunne sykla inn til sentrum sommarstid. Det betyr at dei vil bu i byen slik den er i dag, i dagens villaområder og langs Mjøsa. For å få til det, må det byggjast fleire praktiske husvære i sentrum, som kan lokka dagens hageeigarar til seg.

Mange av dei gamle kvartala i sentrum kan ein og byggja ut slik at dei blir meir familievenlege, med grøne lunger/leikeplassar i midten. Det vil eg tru også vil gi meir liv til gågata. La Hamar bli byen som veks i kvalitet, både når det gjeld bymiljø, bumiljø, kultur og arbeidsplassar! Og mange yngre har arbeidsplassen sin i eigen laptop.

Da vil folk stå i kø for å flytta hit, og da vil dei kanskje også ønska å slå seg ned i Øvre Vang og Ingeberg. Men det krev sjølvsagt gode offentlege kommunikasjonar til Hamar frå første dag.

Og så har vi vekstmotoren som kjem av konkurranseinstinktet; vi konkurrerer med nabokommunane om å veksa mest. Å konkurrera med grannane er ein dårleg grunn for å øydeleggja livsgrunnlaget vårt. Vedgå heller at naboane våre ligg betre an her. Hamar er ein fantastisk fin by i dag. Den er stor nok for dei fleste. Hugs kva fleire av pendlarane til Oslo svarte da dei vart spurte om kvifor dei orka å pendla så langt: vi ønsker å leva og bu i ein småby med korte avstandar til alt. Er slikt berre romantisk tull som ikkje er verdt å bevara?

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.