No er lisensjakta på ulv i gang, og rovdyrelskarane fortviler over kvar ulv som blir felt, på sama måten fortvilar sauefolket når dei opplevar rovdyrangrep på beitedyra. Dei store massakrane som er referert er bare toppen av det store «isfjellet» som rovdyra er årsak til.

No har denne rovdyrplaga vore ei stor ulempe i 20 år, og når ein les litteratur frå tida før 1850 ser ein korleis rovdyra skapte tap og utrivnad i bygdene langt bakover i tid. Det utvikla seg til eit hat mot rovdyra som utløyste jakt heile året mot dei, og med skottpremi på dei felte rovdyra frå 1848.

Med dette tiltaket endra rovdyrplaga seg slik at ved hundreårsskiftet 1800–1900 var rovdyrtala kome så nær null at folk let dyra sine gå fritt i utmarka dag og natt. Denne fridomen ga større lam, og på storfe meir mjølk. Hedmark Sau og Geitalslag vart skipa i januar 1948, og føremålet var å organisera småfehaldet i Hedmark med gode avlsdyr i utval og dermed ein betring av produksjonen frå desse dyra.

Dette har gjeve gode resultat. Men eit stort problem er rovdyra. Desse har gilde tider i beitesesongen, og tapstala aukar. Ein rapport frå landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hedmark viser at i 1971 til 1981 er tapet av sau og lam 3,18 prosent per år i gjennomsnitt for heile Hedmark.

Melding frå Fylkeslandbrukskontoret i 1995 var tapsprosenten komen opp i 6,34 prosent for heile fylket, altså det dobbelte av såkalla normaltap. Bak desse middeltala skjuler det seg ofte lokal eller regionale tap. Rendalen i 2016 og på Hadeland i 2017. Det er eit stort tal sauer som har gått med, vel 500 til saman i dei to store, og bortimot 300 i andre angrep dei same to åra.

I tillegg av dette er det på hundrevis av dagsverk med leiting etter tapte dyr som fylgje av resultatet. WWF og naturvernfolk ønskjer å gjennomføra Rewilding av Hedmark. Dette vil kunne gjennomførast med freding av ulven. No må folk forstå dette. Korleis blir situasjonen for folk i bygdene, og vår nasjonale matforsyning? Konsekvensane er formidable.

Klikk for kommentarer
Hva synes du? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Hold en saklig og respektfull tone og husk at mange kan lese det du skriver. Brudd på disse reglene kan føre til at du blir utestengt fra forumet.
Facebook-kommentarer:

HA-redaksjonen overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl 08 og 22. På natten er det stengt for kommentering.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.