Dei nasjonale forskingsdagane spør i år: Kva gjer noko verdifullt? Ser ein i ordboka, finn ein at «verdi» kan ha ulikt innhald. Den første tydinga som er lista opp i Nynorskordboka, er ganske konkret og er knytt til pengar.

Ei anna oppføring i ordboka viser til den overførte tydinga av verdi som noko meir eller mindre nyttig, viktig eller verknadsfullt. Her finn ein også døme som «åndelege verdiar» eller «ha musikalsk, litterær verdi», og ein skjønner at ikkje alle verdiane kan målast i pengar.

Dei såkalla «norske verdiane», som ein del folk har prøvd å argumentere for i det siste, er som regel ikkje knytte til noko som er målbart i pengar. Det handlar meir om kva nokon meiner er «viktig» for det norske samfunnet, eller kva som eventuelt kan seiast å vere karakteristiske eigenskapar ved «folk flest», som ein gjerne vil verne, og som det kan vere verdt å ta vare på.

Merkeleg nok nemner desse som likar å prate om norske verdiar, i liten grad språklege verdiar – bortsett frå at nokon meiner at alle i Noreg skal kunne snakke og skrive norsk. Dette kravet vil ofte vere tettare knytt mot tyding 1 av ordet verdi, sidan mange meiner at norskkunnskapar er ein føresetnad for å kunne arbeide og betale skatt, dvs. pengar.

Noko som ein nesten kan rekne som ein ekte norsk «verdi» eller karakteristisk norsk eigenskap, er at ein har ein språkdebatt fordi ein har to norske skriftspråk. Enkelt sagt meiner mange av motstandarane at nynorsk er uviktig og ikkje har nokon verdi, og at det kostar pengar å ha to skriftspråk. Nynorskbrukarane er derimot gjerne opptekne av tyding 2 og løftar fram verdiar som identitet, kultur, historie, demokrati, likestilling og liknande omgrep som ikkje så lett lèt seg måle i pengar. Mange av desse omgrepa finn ein igjen i debatten om såkalla norske verdiar, utan at ein dermed vil gje nynorsken dei same vilkåra som bokmål har. Livet som nynorskbrukar kan derfor for nokon vere ein evig kamp for å bli høyrt og sett.

Her om dagen gjekk eg forbi ein barneskole der det sat 4-5 jenter med afrikansk bakgrunn på portstolpane og prata til alle som gjekk forbi. Då eg kom dit, sa dei salaam alaikum, og eg svarte tilbake: salaam alaikum. Det breidde seg kvite smil over andleta til jentene der dei ropte jublande: «Han greidde det! Han greidde det!»

Så enkelt var det å gjere nokon lykkeleg. Desse barna ville ikkje ha noko som kunne målast i pengar. Dei ville berre at nokon skulle sjå verdien av deira språk. Eg sjølv blir like lykkeleg kvar gong eg får lese ein tekst på nynorsk, eller når nokon gjer seg bryet med å lese noko som eg har skrive på mi målform. Du greidde det! Takk for at du las den nynorske teksten min! Salaam alaikum!

Jens Haugan, dosent i norsk Høgskolen i Innlandet.