Vidar Helgesen fekk eit nytt problem da professor Eivind Smith tok tak i bekostforståinga i Naturmangfaldsloven og Bernkonvensjonen og peika på at lovendringa i Naturmangfaldslova skulle opna for lettara ulvejakt.

Ja, kva skulle det elles vera til, og attpåtil vera så einsretta ulveforsvarar at det nye forslaget ikkje er stort anna enn ei lov med nye ord til bruk i sin vidare føring av eit brennbart ordskifte for å forhala tida for jakt no i vår. Det er og eit gedigent forsøk på å skriva frå seg ansvaret for jaktstopp etter EU metoden. Helgesen var Solbergregjeringa sin EU-minister så lærdomen har fasta seg.

Det er ulvesonane som er opphavet til den store auken av ulv. Det er lett å forstå, og det er grunn til å finna andre løysingar. Ei løysing er lagt fram i Bernkonvensjonen om innhegning av dyr som er til skade for andre dyr i faunaen. Ulven er eit slikt dyr. Det ein mest av alt mislikar med ulven, er at den er nærgåande og riv sund offeret og et av det medan det lever. Kva meiner dyrevernfolk om dette? Det er eit stort svik å ha slike dyr fritt laupande i skog og mark.

I innhegnet er ulven freda for ulovleg jakt og andre inngrep, det er full kontroll med matforsyning og avl. Det er lettare å laga ulveinnhegn mot å gjerda inn store utmarksområder for beitedyr. Det krev kilometervis med gjerder. Ska me ha ulv i Norge må han vera i innhegn. Det er det all grunn til å slå fast. Da kan me oppheva ulvesonane og gjennomføra jakt på frittlaupande ulv. Det vil likevel ta eit par tiår før me er fri for dette morderiske dyret, etter den store auken i antall dyr.